
PAPIRANNONSER
Mediehuset Sunnhordland er den største mediekanalen mellom Haugesund og Bergen. Mediehuset har eit tett samarbeid med Bømlo-nytt og Os & Fusaposten, og kan hjelpa deg med marknadsføring og annonsering til desse.
Sunnhordland har eit opplag på 6120 aviser og vert lesen av 18.100 menneske kvar dag.
Avisa kjem ut måndag, onsdag og fredag.
Fredag i partalsveker går avisa ut i fulldistribusjon. 20.300 husstandar på Stord, Fitjar og Bømlo, samt delar av Kvinnherad og Tysnes får då Sunnhordland i postkassa. Annonsering fredag i partalsveker sørgjer difor for at annonsa di når ekstra langt.
TRUVERDIG ANNONSERING
Sunnhordland har eksistert som lokalavis sidan 1902, og har sidan den gong vore ein viktig støttespelar i lokalsamfunnet. Avisa vert oppfatta som truverdig, og kvar dag jobbar me med å engasjera, skapa godt innhald og ha ein solid produksjon. Sunnhordland har høg lojalitet blant sine lesarar – og dette er med på å skapa den beste konteksten for deg som annonsør. Med ei papirannonse når du folk på heimebane. Du som annonsør vert invitert inn i folk sin kvardag.
Våre kundar opplever god effekt av sine papirannonser, uavhengig av bransje. Den aller beste effekten vil ein oppnå om ein tenkjer langsiktig og heilhetleg og kombinerer annonsering på papir og digitale flater.
KVIFOR BØR DU VELJA PAPIRANNONSE?
– Lesarmodus
I dag vert ein utsett for mykje reklame og annonser – særleg på digitale flater. Men kva modus er eigentleg lesaren i når han kjem over annonsa? Det er frivillig og lystbetont og setja seg ned for å lesa ei avis. Det betyr at lesaren har retta merksemda si mot avisa og er i ein modus der han let seg påverka og engasjera.
– Betalt produkt
Avisa er eit betalt produkt, og lesarane våre ynskjer å lesa avisa frå perm til perm.
– Rett målgruppe
Du treff ei lokal målgruppe.
– Plassering
I løpet av året har me fleire temasider i avisa, mellom anna “Hus, heim & hage”, “Industri”, “Helse & Velvære”, “Aktiv” m.fl. Magasinet “Mitt Sunnhordland” kjem ut tre gonger i året. “Bil & Motor” kjem ut fire gongar i året.
PRISAR
Annonseprisane varierer ut frå plassering og storleik. Me tek utgangspunkt i modulkartet og om annonsa skal stå på tekst- eller annonseside. Ta gjerne kontakt med ein av våre dyktige medierådgivarar så hjelper me deg med å setja saman ein annonsepakke etter ditt behov. Me kan senda deg eit uforpliktande tilbod og tilbyr gode løysingar for dine idear.
PRODUKSJON OG MATERIELL
Me har eiga grafisk avdeling og kan difor produsera annonsa for deg. Du får sjølvsagt koma med innspel og lesa korrektur før noko vert trykt.
Ferdig materiell må vera hos oss innan kl. 10:00 dagen før publisering. Materiell som skal produserast av oss må vera klart 2 dagar før.